Kjelder

Kjelder

Soga.no har publisert eit lite knippe historiske kjelder for Sunnmøre og Nordfjord. Dette er eit lite utval av dokument relatert til saker om jordeigedom på 15- og 1600-talet. Bruken av dette kjeldemateriale i kombinasjon med slektshistorie og lokalhistoriefeltet har tidlegare produsert mykje ønskjetenkning på trykk. Dette stoffet frå eldre bygdebøker og artiklar er no på full fart ut på bloggar og slektstre på nett. Denne ukritiske kopieringa bryt med ein av grunnreglane i historiefaget – kritisk lesing – uansett om dokumentet er 500 år gammalt eller publisert på Internett i går. Ved å publisere transkripsjonar av primærmaterialet tilgjengeleg på soga.no gjer det muleg for langt fleire å bruke materialet på bloggar, debattforum og privat.

Utvalde kjelder i original og transkripsjon

“Af en gl. ætleg” (Sunnmørsættleggen).

Fotokopi av handskriftet AM 22 fol. Utvald litteratur om ættleggen.

Langlo-Opsvik godset

Arveskiftet ved St. Peder kyrkje i 1573.
Åsete og bygselrett til Overå (1602-4)

Ytre-Eide i Nordfjord

Horeri og boleri. Partsinnlegg ca. 1590.
“gamble Fru Guron”. Anders Torgilsson Ytreeide og Erik Rosenkrantz

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.