Overå i Stranda: Tvist om åsete og bygsel

Tvistar om eigedom- og bygselrett

På tinget i 1711 for  Dale skipreide var det ein strid mellom eigarane av garden Overå i Stranda. Striden galdt om kven som åtte den største parten og dermed også hadde bygselretten (utleigerett og visse avgifter) for heile garden. Partane var presten i Ørskog kyrkje og odelseigarane/gardbrukarane på Overå. I saka på tinget blei det lagt fram ei rekkje dokument og vist til fleire eldre saker og dokument. Det eldste dokumentet som blei lagt fram på tinget i 1711 og ført inn i tingboka var frå 1604. Dokumentet frå 1604 omhandla ein tidlegare konflikt og det er saka frå 1604-02 som blir omtalt nedanfor.

Saka i 1604 mellom Knut Olson og Peder Torsteinson Overå.

Dokument 1 i saksvedlegga er datert 20. februar 1604. Tvisten i 1604 var spørsmål om åsete og bygsel i Overå. I tilfelle der det var fleire eigarar av ein gard, hadde eigeren med den største parten ein form for ein overeigedomsrett kalla bygselretten. Var eigedomspartane jamnstore definerte status, kjønn  og alder kven som hadde bygselretten, kyrkje gjekk føre bønder, og eldste bror føre yngre brødre og menn føre kvinner. Striden i 1602-04 var  mellom Knut Olsen Overå og hans brorson (nevø) Peder Torsteinson Overå. Av dokumentet går det fram at Olav Erikson Overå var Peder Torsteinsons farfar (“gudfader”). Domsutfallet viser også at Knut Olson Overå (levde i 1604) må ha vore ein eldre bror av Torstein Olson Overå (død før 1604). Dokumentet frå 1604 viser derfor at Knut Olson Overå, Torstein Olson Overå og Elling Olson Opsvik var søner av Olav Erikson Overå som er nemnd i eit skifte i 1573.

Dokument 1 viser at Knut Olson Overå eigde tilsaman 4,5 mellag (1,125 våg fisk) i Overå. Dette var 3 mellag som han hadde arva sjølv og 1,5 mellag som han truleg hadde løyst ut frå ei søster. Knuts brorson, Peder Torsteinson, eigde 1,5 mellag i Overå og 1,5 mellag i Opsvik. Parten i Opsvik brukte han ikkje sjølv, men han leigde den bort til (farbroren) Elling Olsen Opsvik. Peder Torsteinson hadde arva detter etter faren Torstein Olson og før han (farfar) Olav Erikson. I tillegg leigde Peder Torsteins 3 mellag i Overå som var eigd av presteembetet i Ørskog. Det betyr at Knut og Peder brukte (4,5 mellag) like store gardpartar i Overå, men Knut eigde samla sett meir (Knut 4,5 mellag mot Peder 1,5).

Av dette kan vi slutte at ein brorpart i skifte etter Olav Erikson Overå i 1573 var på 3 mellag (0,75 våg fisk), medan ein søsterpart var 1,5 mellag (0,375 våg fisk).

På grunnlag av dokumentet i 1604 og arveskiftet i 1573 kan følgjande slektsamband kan setjast opp

Olav Erikson Overå (n. 1573)
Barn:
1. Knut Olsen Overå, levde i 1604
2. Torstein Olsen Overå, død før 1604, enkja levde i 1604
3. Ei søster
4. Erland Olsen i Opsvik (Oksvik)
[fleire?]

Torstein Olsen Overå d.f. 1604, enkja levde 1604
Barn:
1. Peder Torsteinson, levde i 1604.

Retten stadfesta at Knut Olsen eigde 4,5 mellag i Overå og gav Knut Olsen bygselretten for heile garden sidan han åtte den største gardparten. Retten stadfesta at Peder Torsteinson eigde 1,5 mellag i Overå og 1,5 mellag i Opsvik, og gav Peder Torsteinson retten til å leige 3 mellag i Overå som tilhøyrde Ørskog prestegjeld.

 

Avskrift av dokumentet frå 1604

No 1: En Dom:
Wi effterskrefne Ole Pedersen paa Staem Lensmand, Peder Pedersen paa
Slyngstad, Niels paa Møchelbostad, Knud Kiølaas, Halsten Fremmerhus
og Knud i Vighen all ædsorne Laugrettesmænd i Dahle Skibbreede;
kiendes og giør vitterligt for alle med dette vort obne breff at Anno 1604
d: 20 Februarij paa Slyngstad paa et f?rij satt Leedings ting. Bleff
vij af Erlig og Welagt Mand Jacob Tussen Kongel: May.te fougd
her sammestedz lovligen tilnefnd at Dømme Imellem Knud Olsen
paa Ouffre paa den Eene, og Peder Torstensen ibm paa dend anden
side. Huad gjeller at Eldste søn eftter sin faders død, eller broder Søn
er neste mand til at besidde faderenes aasæde, og anden ike bør at
vere bøxelmand som aager mest i Jorden; derom fremlagde nu
ofrnefnte Knud Olsen Erlig og Welagte Mand Povel Hellisen den tidz
Bergen og gullatings laugmand sin ordskur skreffiet; beseglit og daterit i
Bergen Anno 1602 d: 6 Martij indeholdendis att Her Trud Ulfstrandz og her
Claus Bildis Recesse klarligen formelder at Eldste Sønd er nestemand
til at have og besidde aasædet, og gifer sin med arffuinger igen for deris
anpart syldigt udj Jordegods eller andre gode varer huad der sker kunde;
Om jord bøxel formelder samme Recesse, at den som aager mest i en Jord
skal vere boxelmand etter Lougen, ed videre omstendigheder samme
ordskur indholder, da effer tilkalle og denne Sags leilighed, haver wi Sagen
giandgiveligen forfarit og werdejet og saa for Rette Dømbt og afsagt.
At fornefnte Knud Olsen skal besidde i bem.te Oufffre som hannem sielfver
tilkommer thre Mellags leje og halfanden Mellag paa sin søsters part
som er tilsammen halffemte Mellag, efterdj hand er høiestemand i ald gaarden
vinger Deris aarlig Landskyld; derimod igien haver vi tildømbt fornefnte
Peder Torstenen med sin Moder og de andre hans medsøsken paa Deris anpart,
dette effterskrefne godz; først iij Melagsleje i forne.te Offre | leje | til som hans
Sal fader havde udj Gaard og hefde, og paabode, som hører hederlig vellærde
Mand Hr: Ebbe Matzen Sougnepræst over Ørskov Præstegield til paa
Præsteboeles veigne, dernest som dennem Arffligen er tilfalden effer
Deris Sal: fader i forne.te Ouffre ij Mellagsleje som Deris Gudfader Ole
Ericksen brugte; disligeste ogsaa ij Mellagsleje udj Oxvig som Erland
bruger og skal bere Landskyld deraf Aarlig; at han i Sandhed er og ved saa
forskreven Dømbt og afsagt, haver vi voris signetter her neden under
trøgt Actum ut Supra

Kjelde:
Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok , 1711-1720, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

http://www.arkivverket.no/URN:rg_read/31102/14/

http://arkivverket.no/URN:rg_read/31102/14/ skiftedokument frå 1573

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *