Ingen riddar men ei stor samling av jordegods

Midt på 1500-talet var fleire gardar i Stranda under same eigar. Dei to største gardane i eigedomskomplekset var Langlo og Opsvik (Oksvik), men mest strid stod det utover 1600-talet om eigedomsrettar til garden Overå. Saman med fleire gardar i Geiranger var Overå var ein del av jordegodssamlinga. Dette har fått lokale ættegranskarar til å konstrurere Overå som ein adeleg setegard for ein riddar, men truleg låg Overå øyde etter svartedauden og fram til midten av 1500-talet. Derimot er personar med omfattande jordeige kjent frå kjelder på 1400- og 1500-talet på gardane Opsvik og Langlo. Vi har prøvd å gje ei meir edruleg framstilling av eigedomssamlinga og eigarane. Og her konkluderer vi med at Riddar Erik på Overå nok er eit reint fantasiprodukt. Denne riddaren har aldri eksistert.
Først artikkelen Ingen riddar på Overå, så gjennomgang av Arveskiftet i 1573 og tilslutt Tvist om eigedomsrettar til Overå i 1604

Leave a Reply

Your email address will not be published.