DÅ ÅLESUND BLEI BYGD: 1540-1840

Ei langvarig soge om ein by i emning

Bjørn Jonson Dale

 Kjøpstaden Ålesund blei ikkje grunnlagt, men oppsto i tiåra før 1848 – av ytre årsaker: Ikkje lokalt fram­tøke eller lokal kapital skapte kjøpstaden, men ein spansk lov fra 1835…

 Dette året innførte kongeriket Spania differe­nsial­toll – eit protek­sjo­nistisk og allereie då uhørt gammaldags tiltak, i den økonomiske teorien. Men for Ålesund var det den praktiske inn­gan­gen til byen si tredje glanstid:

 

SPANSKETIDA

Loven innebar at innførselsvarer til Spania måtte skipast til landet av spanske skuter. Utanlandske, t.d bergenske skuter som førte varer til Spania, blei ilagte formidabel toll.

  For borgarane i Ålesund, som før hadde ført fiske­varene til Bergen og selt dei til kjøp­menne­ne der, kom loven som manna fra himme­len. Med eitt segla spanske skuter beint til Ålesund for å kjøpe klippfisk; kva hadde dei i Bergen å gjøre? Borg­arane i byen fikk no direkte avset­ning og bedre pris for fiske­var­ene enn før, og borgar­pungane blei like fulle som Ålsundet av smekre spanske segl­skuter.

  Fra å vere likemenn med Sunnmøre sine snautt 30 privi­legerte landkremmarar, steig mange av dei 8-10, og snart 10-14 borgar­ane i Ålesund, opp til å bli kjøpmenn, folk som handla direkte med utlandet. Dermed kom dei inn i ein “trade” som var mykje meir profi­tabel enn kremmarhandelen. Og best av alt: Dei trong ikkje investere i dyre skuter for å bli kjøpmenn.

 

SUNNMØRSBYEN

Samtidig: Borgarar flytta fra bygdene til byen. Borgarsete­husa frakta dei til Ålesund og ­førte dei opp der. Slik kom borgar­setet på Giske­gard til Brunholm­en, Borgar­garden på Gamlem til Buholm­sundet, Tyskholm­en til Nordi­gård, Kriks­holm­en til Einar­vika, Hareidstrand til Skutvika, Brandal til Hella og endå nokre fleire.

  Noke slikt hadde aldri skjedd på Sunnmøre sidan lenet fikk sitt eige borgarskap nesten 300 år før.

  Mykje som ei følge av dette blei sunnmørs­handel­en sentrali­sert til Ålesund 1830-60. Då kremmarprivi­legia blei oppheva 1866, hadde Sunnmøre bare vel 20 kremmarar igjen, mens Ålesund då hadde 115 “hand­len­de”: heile den sunn­mørske handels­standen var auka med vel 90 (over 200%) på 30 år. Der byen hadde hatt 1/4 av standen kring 1835 hadde Ålesund 1865 over 3/4 av han. I disse tiåra blei Ålesund det ­rådande hand­els­sentru­met både på og for Sunnmøre, i det jekte­farten på Bergen opphør­te.

  Årsaken var mest Spansketida, dvs at Ålesund blei ein “eks­portby”; det lyder kanskje ikkje så svært, men i gjerda var det nettopp dét. Og snart blei Ålesund rekna mellom dei større eksport­byane i Norge.

 

STRANDSTEDET ÅLESUND 

Dreier sitt prospekt fra 1827 (sjå ramme) er siste glimtet av den “gamlebyen” som forsvann då kjøpstad­en steig fram i fullt velde fra 1840-åra. Dreier viser oss strand­staden Ålesund slik hand hadde funnest i meir enn

250 år.

  Denne byen oppsto i 1540-60 åra, då bergensborgarar  først tok til å handle og sidan til å busette seg her, og fra kring 1560 hade Ålesund ein fast busetnad av ikkje-bønder, ofte kalt “strand­sittarar”, dvs byfolk som ikkje budde i ein by, men på det som juridisk sett var “lan­det”.

  Kjernegruppene i eldste Ålesund var borgarane (tallet veksla mellom 3-4 og 10-12), losane (4-6), handverkar­ane (2-8) samt arbeids- og sjøfolk (på det meste 60-70). Byen hadde også eit titalls ørsmå “plassar” og eit par “gardar”, men ingen av brukarane hadde jorda som anna enn binæring.

  Strandstaden Ålesund: Ein by som ikkje var by, med byfolk som ikkje var bønder. 

 

BYMESSIGE IKKJE-BYAR

Slik var det, pussig nok, i dei fleste norske byane for 400 år sidan: Bare dei 5-6 kaupstadane som overlevde mellom­alderen­ var rette byar. Resten var formelt sett ikkje byar, men eit slags økonomisk-juridiske hybridar.

  Disse, snautt 20 bymessige ikkje-byane oppsto 1540-1640, og var som regel tufta på trelast­handelen med utland­et; dei var “lade­sted”: stadar som skipa ut noke, konkret: trelast. Ålesund blei aldri kalt ladested – for trelast blei ikkje utskipa herfra – men dei første og største kjente borgarane i Ålesund var nettopp trelasthandlarar:

 

TRELASTBYEN ÅLESUND

1610-30 handla borgarane Paul Ebbe­sen, Hans Lauritzen (Haders­lev) og Wibrant Peitersen Lytkes i Steinvåg­en. Paul, helst på Steinvågneset, dreiv ikkje trelas­t­handel, men Hans Laur­itzen på Aspa var største trelast­handlaren i lenet, med opp­lagsstad på Langskips­holmen. Naboen, den holl­andskætta Wibrant Lytkes, dreiv også trelasthandel. Borgaren Øystein Eriksen, i vika som seinare fikke namnet Øysteinsvik, kan også ha vore trelasthand­lar før 1620.

  Aust ved Ålsundet budde trelasthandlarar både Utom­sundet og Innom­sundet: Jens Hanssen, trulig på Brunholm­en, og etter han Jens Michelsen. Helleborgarane er ikkje nemnte som tre­last­handl­arar, men kan ha vore fullmektigar for bergenskjøp­mennene Bryssel.

 kreiert

 

 

Kreiert.

Typisk trelastskute.

Borgaren og

trelasthandlaren

Hans Lauritzen i Steinvågen

eigde ei slik skute. 

  Innom­sundet, kanskje på Lorkenes­et, budde trelasthandla­ren Lauritz Sørensen. Og svograne Lauritz Christen­sen (avsett fut) og Mogens Antonisen (borgar­meisterson fra Oslo) kan ha budd i Ålesund i 1620-åra, begge store trelast­ha­ndlarar.

  Borgarane på det seinare Grimmergård, Johan og Gjert Nils­sen, søner av borgaren Nils Christensen Danske (i Ålesund kanskje fra 1588), dreiv så vidt kjent ikkje trelasthandel.

  Men slutninga er klar: Ålesund i 1620-åra var eit “klass­isk” ladested; borgarane der sto for vel 40% av tre­last­handelen i lenet. Grunnæringa deira var fiskevarehandel­en på Bergen, men trelasthandelen gjorde at Ålesund i 1620-30 åra kunne ha både 9-10 og 11-13 borgarar. Først 300 år seinare blei borgartallet så høgt (kanskje med unntak av 1750-åra). Då trelas­ttida var over kring 1640, gikk ­tallet på borgarar i byen ned til 4-5, og slik blei byen ligga­nde, i ei økonomisk bakev­je, like til midten av 1700-tallet.

 

 

BORGARSKAPING OG KAPITALDANNING

Den mest markante sosiale nydanninga 1540-1640 i Norge var framveksten av borgarskapet som samfunnsklas­se med særlige rettar, ein stand, som midt på 1600-tallet utgjorde eit grunnelement i samfun­net.

  Inneburden var a) at herredømmet over det norske vare­hus­haldet kom på innanlandske hender, og b) at varehus­haldet blei utvida til å gjelde alle nordmenn. I klar­tekst: Sist på 1600-tallet måtte omtrent kvar einaste bonde ha med – selje til, kjøpe av og borge hos – minst éin kjøpmann å gjøre, ein norsk kjøpmann som gjennom kapital- og standsmakt hadde overta­ket i dette tilhø­vet.

 

KAPITALDANNING OG BYDANNING

Ei veldig kapitaldanning gikk hand i hand med borgar­skapinga. Det mest synlige utslaget av dette var den fysiske veksten i gamle byar og framveksten av ei rekke nye byar, der sjøl nokre av dei minste kunne føre opp monumentalbygg, særlig kirker på 1600-tallet.

  Denne åpenbare sammenhengen: borgarskaping -> kapital­danning -> bydanning, har ført til ei histor­isk misty­ding, nemlig at eit større, norsk område som på 1600-1700 tallet ikkje hadde eigen by, heller ikkje hadde noke borgar­skap. Og empi­risk, om ikkje logisk er dette oftast rett. Men med eitt, overveld­ande unntak. Ingen bør undre seg over namnet på det lenet som var unntaket fra regelen “intet borgerskap uten by”: Sunnmøre.

 

EIT BORGARSKAP UTAN BY?

Kring 1630 budde vel 60 borgarar i Sunnmøre len; bare byar som Christiania, Bergen og Trondheim hadde mange fleire borgarar, og snautt noken av dei nye ladesteda.

  Heller ikkje hadde andre bylause len – dei fleste områda fra Hordaland til Finnmark – noke nær så mange borgar­ar, om noken i det heile.

  Går vi til Romsdal og Nordmøre, begge med små lade­sted, så hadde dei bare 10-20 borgarar kvar, lade­steda Litje Fosen og Moldefjøra medrekna.

  Sunnmørsborgarskapet ser ut til å vere einestå­ande for 350 år sidan. Mindre eineståande blir det ikkje når vi veit at dette borgarskapet utan by sto ved lag gjennom dei følgande 200 åra, like til Ålesund steig fram som “Byen” for Sunnmø­re.

 

EIT SUNNMØRSK PARADOKS?

Så rart: At Sunnmøre hadde eit både mektig og rikt borgarskap på 1600-1700 tallet, men eit borgarskap som ikkje var sterkt nok til å kunne skape sin eigen fullver­dige by…

  Sunnmørsborgarskapet kunne, både i omfang og midlar, vore handelsstanden i ein mellom­stor kjøpstad då. Når dette ikkje blei noke av, var grunnen at det mektigste borgarska­pet i Norge, i Bergen, ikkje ville det slik. Bergen ville ikkje gi fra seg profitten fra utan­landshandelen. Døme på pro­fittra­ten: Fiskevarer kjøpt for 6 daler i Bergen blei betalt med 14 dl i Holland. Minus produksjons- og fraktko­stnader, kan over­skotet på kring 9 dl ha vore fordelt slik: 1 dl til fiskar­bond­en, 3 dl til borgaren og 5 dl til kjøpmannen.

  Så enkelt: Sunnmørsborgarskapet fikk dominere sunn­mørshand­elen, men ikkje blande seg i utan­landshande­len.

 

SPREKKER I BERGENSMONOPOLET

Dei første sprekkene i Bergen sitt de facto monopol på utan­landshandelen med fiskevarer kom 1742, då ladesteda Litje Fosen og Moldefjøra blei kjøpstadar. Romsdal og Nordmøre låg under Trondheim sitt handels­o­mland, men Bergen hadde likevel hatt herredømme over fiske­han­delen der, sidan stor­delen av fiske­varene derfra blei førte til Bergen.

  Kjøpstadprivilega fikk mykje å seie for Molde og, særlig, for Kristi­ansund. Dei britiske kapitalistane som slo seg ned i disse to byane, tok hand om nesten heile utanlands­ha­ndelen med fiskevarer, og verksemda sette snart merke etter seg. Kristi­ansund blei som ein storby på kort tid.

 

BRITISK “IMPERIALISME”

Tapet av fiskevarene fra Nordmøre og Romsdal var så si sak for Bergen, men britane søkte både nord- og sørover etter råvarer til klippfiskproduksjonen, og allereie kring 1750 kom dei til Sunnmøre, som hadde største torskefisket i landet ved sida av Lofoten.

  Dersom britane hadde lukkast like godt på Sunnmøre som i lena lenger nord, ville det “uten tvil ha blitt en katastrofe for byen” (Bergen), skriv histor­ikaren Anders Bjarne Fossen. For Sunnmø­re var ei gullgruve for Bergen. 1754 hadde t.d nær 30% av all tørrfisken som blei utført fra Bergen sunnmørsk opphav. Og før kan prosen­ten ha vore større, for mykje av sunn­mørs­torsken blei i 1750-åra virka til klipp­fisk og utført fra Molde og Kristian­sund.

  Grovt rekna stamma vel tredjedelen av verdien av varene som blei eksporterte over Bergen fra Sunnmøre. Tenk på dét: Ein av dei store handelsbyane i Nord Europa var “tredje­dels” grunn­lagt på varer fra bare eitt av dei 12-15 le­na i byen sitt handelsomland.

  Bare tanken på ein sunnmørskjøpstad kunne gi berg­enskjøp­mennene mareritt. Og så, med eitt, heldt mare­rittet på å bli røyn­dom – ikkje gjennom kjøpstad­skiping, men gjennom “britisk” infil­trering av sunnmørs­borga­rane sitt nett av lever­and­ørar: fiskarbøndene, eller kjøpbønd­ene, som borgar­ane kalte dei.

 

KRISE FOR BORGARSKAPET

Dei britiske kjøpmennene på Molde og i Kristiansund hyrte i 1740-åra ei rekke unge romsdalingar og nordmør­ingar som dei lærte opp både i klippfiskverking og handel. Disse kjøpsvein­ane utstyrte dei så med saltlasta skuter og dal­er­tunge pungar og sendte dei til Sunnmøre for a) å kjøpe råfisk for overpris og kontant, og b) å leige og lære opp folk til å verke denne fisken til klippfisk. 

  Disse blide og likvide kjøpsveinane lukkast godt med å lokke borgarane sine kjøpbønder til seg og kjøpe råfisk av dei. Når fiskar­bonden fikk nær dobbelt be­talt i høve til før, og slapp arbeidet med å verke fisken, var han ikkje sein med å selje.

  Det gamle og, å sjå til, grunnsolide sunnmørsborgar­skapet fikk store vanskar då kjøpbøndene tok til å svikte dei. Kva hadde borgarane å fare til Bergen med då, og bykjøp­men­nene å selje til utlandet?

 

ÅLESUND SI ANDRE GLANSTID

I denne borgarkrisetida fikk Ålesund si andre glanstid (den første i trelas­ttida), då britane sine kjøpsve­inar både tok over fleire av borgar­seta i byen og etablerte nye.

  Mens sunnmørsborgarskapet vakla, heldt ein skikkelig by på å vokse opp i strandstaden Ålesund. I 1750-åra kan folke­tallet her ha vore nær 500, dvs like stort som i kjøpsta­den Molde.

  Dette ålesundseventyret, der dei fattigste med eitt blei vel­ståande og etter måten frie, varte ikkje lenge. Ikkje bare sto bergenskjøpmennene overfor ei “katastro­fe”, men også sunn­mørs­borgarskapet.

  Borgarane brukte no jord­eigarmakta si og krevde at leig­lendi­ngane skulle levere fisk i staden for pengar eller andre varer, og dei innførte v­ærtvang der dei åtte jord som fiskar­bøndene brukte som utror­sstadar. Og bergens­kjøpmennene opna penge­kistene sine for sunnmørsborgar­ane, som dermed kunne hamle opp med britane sine likvidar.

  Striden om herredømmet over sunnmørsfisken blei vunnen av det lokale borgarskapet og kjøpmanns­borg­arskapet i Bergen. I 1780-åra var slaget slutt. Men det kosta begge gruppene dyrt, for då borgar og kjøpmann kunne puste letta ut, blei torsken vekke. Lenge. Mange sunnmørske handelshus gikk kon­kurs, og bergenskjøp-mennene som hadde støtta dei gikk det ofte ikkje bedre med.

  Ålesund gikk i dvale. Folketallet sank raskt og mykje, og det heldt seg på dette nivået (snautt 300) like til torske­fisket tok seg opp igjen i andre tiåret på 1800-tallet.

 

SLUTNING

Ingen veit korleis det ville ha gått med den folkerike og livlige småbyen Ålesund dersom fisket hadde halde seg oppe i sist på 1700-tallet. Vi kan bare spekulere. Men kjenner vi ikkje allereie svaret? Det ville ha gått som det gikk fra 1820-åra og utet­ter, dvs at Ålesund ville ha begynt å ekspor­tere klipp­fisk direkte til utlandet, ikkje nødvendigvis med formelle rettar, men fordi vegen så å seie var opna…

  Endelig: Sidan midten av 1500-tallet har “byfolk” budd i Ålesund – samme kva for “bystatus” dette samfunnet har hatt – og fra første tredjedelen av 1600-tallet, eller over 12-13 generasjo­nar, har samme folka, samme ættene, budd her i byen utan å ha levd eller livnært seg som bønder. Eg har ikkje anna ord for eit slikt samfunn enn “by”.

  Her var ikkje kirke, rådhus eller tollbu, men flust av pakk­hus, fortøyingsringar, jektenaust, bradbenkar, losar og hand­verkarar, handelshus og dagleigarar, fiskarar, skipp­erar og matrosar – og alltid mange utlendingar som låg i hamn her, i storm og stille, men ofte også vinteren over.

  Strandstad? Ladested? Kjøpstad? Namna er uviktige, for alle som budde i eller vitja Ålesund mellom fra sist på 1500-tallet til først på 1800-tallet visste at dei var i ein by. Å synge om “byen Ålesund”, for å sitere ein nylaga bysang, blir derfor ”kjøt på flesk”, for det heiter sjølsagt bare Ålesund, eller “Ålsund”, som vi seier med overtydinga om at “Ålesund = by” og at “By = Ålesund”.

 

 

DREIER OG ÅLESUND 1827 – OG LENGE FØR

 

 

 

 

 

Fram til kring 1840 var Byen lik Bergen for sunnmør­ingane, slik det hadde vore sidan seinmellomalderen. Men så, på kort tid, fikk Ålesund dette heid­ersnamnet.

  Ålesund var blitt ein by av ein ny orden, eit høgare slag. For by hadde det vore her i 300 år. Og i alle fall: Ein by i emning.

  Denne byen avbilda den trondheimsfødde bergensmalaren Johan Friedrich Leonhard Dreier (1775-1833) i året 1827 (skissene kanskje noke eldre). Dette er eldste kjente prospektet av Ålesund, og mange meiner at det er riv, ruskande galt, at Luren­-Dreier heller enn Dreier må ha vore på ferde. Og rett nok dreid­de og flytta han på hus og landskap for å få med “heile by­en”, men lureri var det neppe tale om.

  For den som ville skildre heile byen på eitt bilde då, måtte gjøre som Dreier: komprimere og manipulere. Skulle byen ha vore skildra på vår “sanne” måte, fotograf­isk, ville bildet ha vore nesten tomt. Men Dreier tenkte meir som ein kart­teikna­r:

  Han tok skisser fra ymse vinklar og samla dei i eitt bilde. Og han teikna jamvel inn ei kirke midt i byen. Det var neppe Borgund­kirka han flytta inn i bildet, men ei kirke det kanskje blei talt om å bygge då han besøkte byen…

  Bildet viser heile Ålesund 1827 (eller 1825/-26). Men også noke meir: Ålesund 70-80 år før, midt på 1700-tallet. Samtidig viser bildet noke mindre, for husa kan ha vore fleire i 1750-åra enn i 1827… I alle fall ser vi at det er tale om ein by.

 

 

Rammeartikkel 2:

 

ELDSTE SLEKTENE FRA ÅLESUND

 

Black, Børkop – og Molberg?

 

BLACK – TIL TONNING?

Borgaren Jens Black handla på Hella i Ålesund 1614-17. Sidan budde han som kremmar på Togning i Stryn. Kanskje var han far til Anne Jensdt, kona til lensmann Ramus Salomon­sen på Togning – stamforeldra til borgar- og embetsætta Tonning som gjorde seg sterkt gjeldande i Bergen og på Vest­landet ellers på 1600-1800 tallet.

  Fleire ålesundarar er av denne ætta, t.d Arve Tonning av  “hareidsgreina” (og mange med han) og av den kjente “åle­sunds­greina”, etterkommarar av familien Stub (som Alm og Inge­brigt­sen) og kanskje nokre andre.

 

BØRKOP FRA HELLA OG JANGARDEN

Jørgen Pedersen Børkop fra Kolding etterfølgte Jens Black som borgar på Hella til kring 1624, då han flytta til Valder­haug.

  Jørgen tok borgarskap i Bergen 1620. Som borgar på Valder­haug heldt han ein kjøpsvein på Steinvågneset. Jørgen må ha budd på den staden på Valderhaug som fikk namn etter sonen, Johan (Jan) Jørgen­sen (1660:40): Jangarden.

  Jørgen Børkop gjorde lukke som borgar; 1638 blei han stifts­skrivar (for­valtar av kirkelig jordgods) på Sunnmø­re. Sonen Johan handla både på Jangarden og Steinvåg­neset. Dei kan også ha dreve trelasthandel fra Langskips­holmen.

  Johan Jørgensen blei borgar av Bergen 1653. Han eigde ­mykje jordegods og var ombudsmann for Stranda, Roald og Borg­und kirker (kirkeverje). Han hadde to søner: Jørgen Johansen Børkop (c1654-1723), kremmar på Taske­berget, og Christopher Johansen (c1659-1738), kremmar på Jangarden.

  Jørgen blei seinare sjøleigarbonde i Slotsvik, og har stor etterslekt både i Ålesund og ellers i Borgund. Christopher på Jangarden kan også ha etterslekt i dagens Ålesund.

 

HADERSLEV I STEINVÅGEN

Skipperen og trelasthandlaren Hans Lauritzen i Steinvågen og på Langskipsholmen, var far til Anders Hanssen (1666:50) i Steinvågen, som brukte garden Aspa og trulig også borgar­setet der. Han hadde fire søner: Hans Anders­sen (1666:12), Nils (1666:10), Jørgen (1666:7) og Lars (1666:5).

  Då Anders døde c1680 overtok borgaren Henrik Stadtzen Øste­rich som brukar i Steinvågen. 1689 blei Henrik lensmann i Volda og svogeren Lars Nilssen Ulfeldt, stamfar til Ulfeldt­slekta i Åle­sund, overtok i Steinvågen.

  Konene til Østerich og Ulfeldt var døtre av presten Mads Povelsen Alstrup i Norddal, som igjen var svigerson av presten Hans Claussen Gaas i Borgund.

 

FRA HADERSLEV TIL MOLBERG?

Hans Anderssen Molberg (c1643-1707) var kremmar på Taskeberget i Nørva­sundet seinast 1693. 1693 er Lars Ulfeldt kalt Molberg sin “svo­ger”, og svoger­skapet kan neppe ha gått gjennom anna enn Gaas-slekta.

  Førstekona til Molberg må ha heitt Inger Sofie/Sofie og ha vore datter av ein Hans. Ho var seinast 1672 gift med Molberg, for dette året blei datra Elisa­bet fødd.

  Eg trur at Molberg a) var son av Anders Hanssen i Stein­vågen (= Hans 1666:12 – 10 år for ung i høve til Molberg, men slike feiloppgåver var vanlige), og at han b) var gift med ei datter av borgund­presten Hans Claussen Gaas (1599-1644).

  Er dette rett, forklarer det fullgodt det som hendte kring 1680, då Henrik Stadzten overtok i Steinvågen etter Anders Hanssen:

  Då hadde nemlig Anders sin son, Hans (Mol­berg), vore gift i 7-8 år med ei datter av Hans Gaas, og like lenge vore svoger med norddalspresten Mads Alstrup, gift med ei eldre datter av Hans Gaas (Margrete). Dermed blei Hans Anders­sen Molberg etter den tids skikk rekna som “svoger” til Alstrup sine versøner, ikkje bare Henrik Stadtzen Østerich (gm Karen Madsdt) og Lars Nilssen Ulfeldt (gm Birgitte Madsdt), men også borgarane Ole Larssen Abel­set på Apalset (gm Maren Madsdt) og Claus Nilssen på Slinn­ingen (gm Else Madsdt).

 

PRESTEADELEN I BORGUND

Presten Claus Corneliussen i Borgund døde 1625, og blei samme året avbilda på ei minnetavle (epitafium) med 2 koner (ei levande, ei daud), 14 levande og 2 daude barn. Konene hans var søstre­ne a) Maren og b) Karen (*1655), Maren trulig fødd kring 1565, Karen helst seinare, og far deira var nok presten Erik Knutsen i Herøy. Karen hadde titte­len “hustru”, dvs at ho blei rekna som lågadelig.

  Herr Claus sine 14 levande barn 1625 var då fra 40-års og ned til småbarnsalderen. Tavla gikk tapt i kirkebrannen 1904, og derfor har vi ikkje anna å halde oss til enn skriftlige skildr­ingar av tavla.

  Men eitt er visst: Dei 14 barna til mektigste mannen i Borg­und 1589-1625, og kanskje på Sunnmøre (han var prost med), må ha gjort seg sterkt gjeldande i samfunnet. Éin av sønene hans, Jens Claussen Parelius (1585-1667), blei sokneprest i Stjør­dal, ein annan son, Hans Claussen Gaas (1599-1644), sokne­prest i Borgund og prost over Sunnmøre; ”etternamnet” hadde han nok etter både faren og farfaren sin prinsipal, trondheimsbispen Hans Gaas, ein dansk adelsmann.

  Kva med dei andre 12 barna som levde opp? Vi veit lite om dei, men mykje tyder på at dei sessa seg på øvste hylla i sunnmørssamfunnet då – i borgar- og embetsstanden.

 

ENNO UNDER GAASVELDET?

Det er kanskje meir enn pussig at presten og prosten Hans Gaas si ætt enno står sterkt på Sunnmøre og i Ålesund. Tore Anda i Sparebanken Møre, som har dokumentert Gaas-opphavet sitt full­godt, er bare éin av mange mektige notidsfolk som ættar fra kirkebyggaren Gaas i Borg­und. Restane av Rønne­berg­dyna­stiet i Ålesund har samme stam­faren, tilliks med t.d Bjarne Haagensen, Nils Liaaen, Lauritz Devold, Nils Høegh-Krohn og konene til Johan Weiberg Gulliksen og Idar Ulstein, og sjøl­sagt ei rekke langt mindre betydelige folk. Men like­vel…

  Det ser ut til å vere noke her. Gudane må vite kva det er, men den frekke har lov til å lure og den einfaldige lov til å spørre…

Leave a Reply

Your email address will not be published.