GULBRAND I VIK OG ØLGILDET PÅ AURE

Bjørn Jonson Dale:

GULBRAND I VIK OG ØLGILDET PÅ AURE

Enno midt på 1700-talet levde segna om Gulbrand i Vik og dei to brørne hans som i den tids “gamle dagar” – i mellomalderen, 200-300 år før – rådde over all jorda på Sunnmøre. Desse tre mektige “Gulbrandssønene” var sjølvsagt både sunnmøringar og bondegutar…

 “Paa Præstegaarden Ørskoug forvares endnu et gammelt Tings-vidne, skrevet paa Pergament, og dateret d. 20. Julii 1544, hvoraf sees, at Gulbrand Gulbrandsøn Viig har givet og skiænket Præstebordet paa Ørskoug Ullaviig med Verpet, det er, et lidet Stykke Jord kaldet Ullaviig, som ligger under Gaarden Oure tet ved Søkelvs=Kirke, tillige med et dertil hørende Laxe=Verpe.”

Hans Strøm: Beskrivelse over Fogderiet Søndmør II, s 131 (nyutgava 2002).

FRA ODELSBONDE TIL LEIGLENDING

Sunnmørsbøndene for 250 år sidan hadde god grunn til å halde ei slik segn ved lag; ho minte dei om ein fridom som var tapt for lenge sidan: “odelen”, eigedomen til den jorda dei, nesten alle, då brukte som leiglendingar.

  For 1700-talsbøndene sto nemleg det siste, eller “endelege” odelstapet friskt i minnet. Det skjedde på 1600-talet, då den siste resten av bondeodelen på Sunnmøre – kring femtedelen av jorda – gikk ut av bondeeige. Dermed satt bare ein handfull bønder igjen som rette odelsbønder (dei som brukte sjølveigde ættegardar) og ikkje mange fleire handfullar eigde arvepartar i eigne eller andre gardar heller.

 

FRA HERSE TIL ODELSBONDE?

Men mange av desse, meir eller mindre nybakte leiglendingane var overtydde om at forfedrane deira av “arilds tid”, som det heitte, ikkje bare hadde vore rette odelsbønder, men storfolk med. Og denne overtydinga var nok tufta på gamle segner, som i mange ætter må ha gått ut på at dei var av ikkje bare odels-, men av herse- og jamvel jarleætt.

  Desse segnene ser i mange høve ut til å ha vore rette, i den tydinga at bønder flest på 1700-talet ætta fra sunnmørskaksar i mellomalderen, t.d fra “Gulbrandssønene”…

  Men kunnskapen om eit slikt gildt ætteopphav kunne ikkje gi sunnmørsbøndene på 1700-talet – omtrent alle leiglendingar – anna enn trøyst.

 

ÆTTEBAND…

Fattigmanns trøyst er sjølvsagt bedre enn inga trøyst. Men no var det slik på Sunnmøre at ikkje bare folk flest, men også den nye overklassen av jordeigarar i stor grad stamma fra dei gamle storættene. Desse jordeigarane – lokale borgarar og embetsmenn – bar kring 1700 erkesunnmørske namn som Brandal, Wig, Abelset, Honningdal, Langeloe, Lievog, Eegsund, Rødset, Bondal, Hougsholm osv. Og opphavet deira var like sunnmørsk som namna; og dette visste bøndene, som då rekna både fem- og seksmenningar som skyldfolk; oftast var ættebanda mellom dei nye jordeigarane og leiglendingane deira nærare enn som så…

 

OG ÆTTEKJENSLE

Dette kan ha vore viktig både for bøndene si sjølvkjensle og for jordeigarane sitt omdømme mellom leiglendingane. Rett nok var bøndene no leiglendingar, men dei var leiglendingar hos “frendar”, og sjølv når slektskapet utetter 1700-talet blei utvatna og jordeigarane stadig frekkare, må kunnskapen om dei gamle ættebanda ha stått ved lag:

  Jordeigarane utvikla seg til drittsekkar, men dei var “våre drittsekkar”, tenkte kanskje bøndene. I alle fall blei jordeigarane med sunnmørsopphav oftast sparte for opprør og protest, ulikt ein del fremmede jordeigarar, som godseigaren Christen Nilssen Sæd på Molvær, futen Ole Alsing i Galtevågen (Bjørkavågen) og borgaren Sivert Olsen på Herøyberget.

 

GULBRAND I VIK

Gulbrand i Vik er både ein segnfigur og ein historisk person. Segna skreiv Hans Strøm ned: Gulbrand i Vik, i Sykkylven, og dei to brørne hans, den eine i Eiksund, den andre på Ringstad på Stranda, levde i katolske tider og var svært “formuende”; om Gulbrand heitte det at han hadde vore “Foged over Gidske-Gods”. Slik står det i Søndmørs Beskrivelse, men i notatboka si skriv Strøm meir: Dei tre brørne

 

skal have haft det meeste Gods paa Syndmør enten i Eye eller, som troeligst er, til Bestyrelse, som fogder, nogle sige over   Gidsche gods. En Steen som endnu viise udenfor Flaaskær Værpet sadte Grændser imellem Guldbrands og hans Broders Portion, paa hin Siide var Grændse Skiællet ved Skottet.

 

I eit dokument fra 1544 som Strøm fann i Ørskog prestegard, såg han namnet “Guldbrand Guldbrandsøn Viig”, og rekna med at dette var same mannen som i segna.

 

ULLAVIKA OG ØLGILDET

Dokumentet fra 1544 var eit tingsvitne som den tids prest i Ørskog må ha tatt opp for å halde ved lag eigedomsretten til 6 mællag i Aure – Ullavika – og lakseverpet som låg der.

  Denne eigedommen, stadfesta vitna på tinget, hadde Ørskog prestebord fått i gave av Gulbrand Gulbrandson i Vik. Så mykje gjengir Strøm av dokumentet. Men dei eldste sykkylvsbøndene la til at gava var gitt med det vilkåret

 

at Giverens … Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drikke-Gilde, som maatte holdes paa Oure-Kirkebakke … De vide og at fortælle, at der paa Sognepræstens Bekostning virkelig skal være kiøbt en Tønde Øll hvert Aar, som … af Sognefolket blev udtømmet til den førnævnte Mands Erindring.1)

 

I notatboka skreiv Strøm ellers at gava kom i stand ein gang Gulbrand hadde besøk av ørskogpresten og serverte han laks, som presten likte svært godt. Strøm noterte at presten sitt namn var Ebbe.

 

 

GULBRANDSÆTTA

Gulbrand Gulbrandson i Vik levde i “Pavedømmets Tid”, men også nokså lenge før reformasjonen 1537, for slike milde gaver som segna nemner blei uvanlege i ættledda før reformasjonen.

  Derimot innebar reformasjonen eit godt høve for givaren sine ætlingar til å få tilbake gava (som regel jordegods), fordi gavevilkåra (ølgilde, sjelemesser) ikkje lenger blei oppfylte. Vi kjenner fleire døme på at folk vann fram med slike krav, dvs at jordegods som var gitt til kyrkjelege institusjonar på 1300- og 1400-talet blei vunne tilbake av givarætlingane så seint som sist på 1500-talet.

  Når ørskogpresten 1544 fikk tingsvitne på eigedomsretten til Ullavika, kan bakgrunnen ha vore eit slikt krav fra ætta til Gulbrand. Dokumentet nemner, som Strøm merka seg, ikkje noke om vilkåret for gava. Derimot har sykkylvingane vore klare på dette punktet, kanskje fordi minnet om det årlege ølgildet på kyrkjebakken på Aure hadde levd i over 200 år etter reformasjonen.

  I alle fall: Tingsvitnet fra 1544 tyder på at Gulbrand i Vik si slekt enno var “i live” då. Og vi har fleire haldepunkt for å hevde at denne Gulbrandsætta ikkje bare overlevde Manndauden og reformasjonen, men jamvel fikk ein ny “gullalder” på 1600-talet.

 

ROVE PÅ RINGSTAD

På Stranda levde ei segn om rikingen “Rove på Ringstad”, som Jørgen Gjerding skreiv slik om: “Han var bror til Gudbrand i Vik i Sykkylven, og desse levde over Svartedauden. Dei tok seg herrelaust gods med dei vilde og var styrteleg rike.”

  Eg mistenker Gjerding i å ha “forlest” seg på Strøm, som rett nok skreiv at brørne var rike og rådde over mykje gods, men ikkje at dei overlevde Manndauden og ikkje at dei tok “herrelaust” gods. At Gjerding likevel langt på veg har rett, er ei anna sak.

  Det pussige er nemleg at vi har eit konkret og dokumentert eigedomssamband mellom Ringstad og Vik:

 

SJØLVMORDET I FANASKOGEN

Aslak Bolt var erkebisp i Norge 1428-50, og kring 1430 let han skrive eit register over alt jordegodset erkestolen eigde. Og storgarden Vik i Sykkylven hadde erkestolen heileige til. Det skjedde slik:

  Ivar Steinarson eigde halve Vik, bror hans resten. Broren tok seg sjølv av dage i Fanaskogen (Osmarka) og erkestolen tok då halve Vik i bot. Sjølvmordaren hadde før testamentert heile garden Ringstad på Stranda til erkestolen. Etter sjølvmordet eigde altså erkestolen halve Vik og heile Ringstad. Då fikk Ivar Steinarson i stand ein avtale med erkebispen som gikk ut på at han avsto sin halvdel i Vik mot heile Ringstad i bytte.

  Makeskiftet blei gjennomført, og fra kring 1435 satt Ivar Steinarson som eigar av heile Ringstad. Går vi snautt 200 år fram i tid, var 3/4 av Ringstad i bondeeige, og dei som då var odelsmenn på garden, må ha vore av Ivar Steinarson si ætt.

 

EXIT VIK

Etter kring 1435 eigde ikkje Gulbrandsætta Vik lenger, men kan likevel ha budd der. Strøm sin legendariske “Gulbrand i Vik” var nok ein storbonde og sjølveigar på garden, men etterslekta hans kan ha vore erkestolen sine leiglendingar i Vik utan at dei derfor sank i stand. Mange jordeigarar kunne bu på gardar dei ikkje eigde sjølve. Og i Vik var det flott å bu:

  Strøm skreiv at husa som Gulbrand bygde i Vik var mektige, digre og særmerkte, og at staden der hovedbygninga i si tid sto enno midt på 1700-talet blei kalt “Laan”, og vidare: “En Steenlagt Vey sees og <går) endnu fra samme Gaard til Kircken over Myren.”

  Eit anna minne om Gulbrand (eller Gulbrand’ane) i Vik er namnet Gulbrandsvik, som vi finn i manntalet 1520.

  Ivar Steinarson, som avhenda halve Vik til erkestolen, var av Gulbrand si ætt, truleg ein etterkommar. Han treng korkje å ha budd i Vik eller på Ringstad, sjølv om det er fristande å gjette på at han budde på Ringstad, som heller ikkje var noken smågard. Men Ivar kan godt ha eigd både større og bedre gardar enn Ringstad.

 

FRA GULBRAND TIL STEINAR

I eit dokument fra 1344 opptrer “Gulbrand Berdorson i Vik” som lagrettesmann. Ein har til no gått ut fra at “Vik” viste til Vik i Sykkylven (sjølv om det etter samanhengen like gjerne kunne vise til Vik i Borgund). Lokalhistorikarane har så tenkt at denne mannen kunne høve som far til den rike og gavmilde “Gulbrand Gulbrandson i Vik”.

  Om vi no går ut fra at dette er rett, kan vi då seie noke om overgangen fra “Gulbrand” til “Steinar” (Ivar Steinarson sin far)? Ja, for Gulbrand Berdorson må vere fødd mellom 1290 og 1320 og Steinar ikkje seinare enn kring 1370, heller noke før.

  Slutninga blir då at Gulbrand Berdorson må ha vore bestefar til Steinar, far til Ivar Steinarson, og den mest banale (men ikkje opplagte) samanhengen er denne: Gulbrand Berdorson, far til Gulbrand Gulbrandson, far til Steinar Gulbrandson, far til Ivar Steinarson.

  Ja, om historia kunne vere så liketil som dette…

 

SEGNA PÅ ALVOR

Dersom vi går ut fra at segna sin “Gulbrand i Vik” var lik Hans Strøm sin Gulbrand Gulbrandson, må “Rove på Ringstad” ha vore ein son av Gulbrand Berdorson i Vik, og denne “Rove” kan like så gjerne som Gulbrand Gulbrandson ha vore far til vår Steinar – eller svigerfar.

  Strandaboka fører opp ætta på Ringstad så greitt, men grepe heilt ut av lause lufta, slik mange av desse eldre bygdebøkene hadde ein stygg tendens til å gjøre.

   

KVA MED AURE?

Ullavika med lakseverpet var ein del av storgarden Aure, som på 1500-talet var i eiga til adelsætta Rosenkrantz – utanom det som Ørskog prestebord eigde i garden (Ullavika, 6 mællag, med lakseverpet).

  Skal vi følge same tankegangen som for Ringstad, må vi føre opp Gulbrand i Vik også som stamfar til Rosenkrantzætta, eller som ein med same ætteopphavet som denne. Her held det å minne om at Aure opphavleg nok var Giskegods, og det er slett ikkje utenkeleg at Gulbrand Berdorson, eller kona, var av Giskeætta. Etter Sunnmørsættleggen budde giskehovdingen Pål Skofteson på Aure og han hadde minst to døtre som ekta menn av sunnmørsk haulde- eller hersestand…

 

_______________________________________________________

Kjelde: Sykkylven Slektsforum v/ Per Aursnes

Vikøyra med garden Vik til venstre for Vikelva. Til høgre for elva ligg Blindheim. Kjelde: Sykkylven slektsforum v/Per Aursnes, http://per.aursnes.net/galleri/displayimage.php?album=5&pos=99 

 

 

1)EI TØNNE ØL – KOR MANGE FULLE?

 

Ei øltønne var på 120 potter (dvs kring 116 liter) eller, meir i tråd med dagens terminologi, 232 halvliterar. Men den tids gildeøl var meir enn 3 gangar sterkare enn dagens pils, dvs med ein alkoholprosent på 15-16. Ei tønne gildeøl (som svarer til det seinare juleølet, som enno blir brygga i somme bygder) sto derfor for det same som kring 800 av våre halvliterar.

  Dei fleste som har vore ute ein helgakveld forstår snart at såpass mykje alkohol vil kunne “fylle”, for ikkje å seie “skitfylle”, minst 100 mann.

  Ei skatteliste fra 1520 viser at Sykkylven då hadde snautt 27 skattytarar – “bønder”, som vi ville ha sagt. Reknar vi med at desse sto for eit folketal på kring 200, ville mindre enn halvdelen av folket vere av hannkjønn, og bare 2/3 av desse ville vere “ølføre” – altså 60 mann. Då ville det bli vel 13 halvliterar på kvar: eit gilde med slikt alkoholkonsum kunne ta heile dagen… 

  Når vi veit at kvar ølfør mann drakk kring 4 halvliterar med kvardagsøl (omtrent som pils) i døgnet på denne tida, forstår vi også at ei tredobling av denne kvardagskvoten måtte til for at det skulle bli gilde av det.

Leave a Reply

Your email address will not be published.