Har “Riddar Erik på Overå” eksistert?

Tenkt framstilling av riksmøtet på Bud i 1533, illustrasjon frå Aschehougs Norgeshistorie.

Tenkt framstilling av riksmøtet på Bud i 1533, illustrasjon frå Aschehougs Norgeshistorie.

I Stranda bygdebok III (1964-utgåva s. 282) står det: “Ridder Erik på Overå, f. 1460, g.m. Elin. Erik var utsending til Riksmøte i Bud i 1537, bror hans Arne var den siste katolske prest til kyrkja i Upsvik. Død ca. 15451). Karakteristisk nok har utsegnene ingen kjelde- eller litteraturreferanse. Men ein riddar som var med på dei viktige og avgjerande riksmøteforhandlingane på Bud bør ha sett spor etter seg, både lokalt og nasjonalt. Lokalt som ei leiar for bøndene på Sunnmøre og nasjonalt som ein viktig aktør i den politiske striden på 1520- og 1530-talet. Og med dette utgangspunktet gjekk eg til kjeldematerialet, og eg trudde det skulle vere ei enkel sak sidan det er så få norske riddarar på 1500-talet.

Oppgåva er tilsynelatande enkel: Vi skal finne ein norsk riddar med namnet Erik, med farsnamnet Olav2), og med tilhald på Overå i Stranda. Det betyr at Overå må vere ein såkalla setegard. Og denne riddaren skal ha delteke i den politiske striden på 1520- og 1530-talet. Ein strid der det norske riksrådet gjorse opprør mot den danske kongemakta og som kulminerte med at leiaren for opprøret, erkebiskop Olav Engelbrektson, rømde landet  i 1537. Det formelle resultatet av striden blei Norgesartikkelen i kong Christian IIIs handfesting av 1536:  Norge skal opphøre som eige rike og bli underlagt Danmarks krone til evig tid3).

Riksmøtet på Bud i 1533

Len i Norge på 1500-talet. Landet var inndelt i fire hovudlen: Båhus, Akershus, Bergenhus (inkl. Nord-Noreg) og Trondhjem. M.a. Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal var underliggjande len.

Len i Norge på 1500-talet. Landet var inndelt i fire hovudlen: Båhus, Akershus, Bergenhus (inkl. Nord-Noreg) og Trondhjem. M.a. Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal var underliggjande len.

I samband med 400-års jubileet for riksmøtet i 1933 gav Bud Heradsstyre ut eit minneskrift med bidrag m.a. frå historikaren Johan Schreiner. (Riksmøtet var 15. august 1533, ikkje i 1537 slik som det står i bygdeboka). I artikkelen går Schreiner gjennom alle dokument som var utferda i samband med riksmøtet. Kven deltok på Riksmøtet i 1533? Frå ulike dokument kjenner vi namnet på fleire: Av dei geistlege medlemmane av riksrådet møtte leiaren erkebiskop Olav Engelbrektson, biskopane Haskold i Stavanger, Mogens i Hamar og Hans Rev frå Oslo. Dei andre biskopane var enten sjuke eller nådde ikkje fram. Dei verdslege medlemmane var Vincens Lunge, Niels Lykke, Esge Bille lensherren på Bergenhus og Claus Bille frå Båhus. Ved sida av desse fire danske riddarane møtte også væpnaren Johan Kruckow, opphavleg tyskar. Tre rådsmedlemmar mangla eller var sjuke: Gaute Galle, Erik Ugerup og Erik Erikssøn Gyldenhorn. I tillegg til dei øvste leiarane for kyrkja (biskopane) og for adelen/kongsmakta (riddarar), bestod riksrådet av leiarane for rettssystemet, lagmennene: Olav Vigfastsson i Trondheim (Frostating), Guttorm Nielsson i Bergen (Gulating), Hans Bagge i Steigen (Hålogaland) og Niels Claussøn Grønn i Stavanger. Truleg nådde dei andre lagmennene ikkje fram. Av andre som var tilstades kjenner vi: Finn Hansson, Håkon på Egge og Aslak Engelbrektsson rådmann i Trondheim. Andre utsendingar på riksmøtet, kjenner vi ikkje namna på, og altså ingen Riddar Erik frå Overå mellom dei namngjevne. Riddar var ein sjeldsynt tittel i Norge kring 1500. Dei få ‘norske’ riddarane var danskar eller svenskar,  t.d. Esge Bille lensherre på Bergenhus.      

Ingen historiske kjelder syner at ein person med namnet Erik frå Overå skulle ha vore utsending på riksmøtet i Bud i 1533. Og om ein går gjennom andre dokument i Diplomatrium Norvegicum frå perioden 1520-40, så finst det ingen riddar med namnet Erik Olavsson. Eg har funne tre personar med namnet Erik titulert som riddar eller væpnarar i denne perioden: Erik Eriksson [Gyldenhorn] på Elin i Østfold, Erik til Ugerup (Skåne), og Erik Jehansson.4) Dei to sistnemnde har berre kortare opphald i Norge midt på 1520-talet. Ingen av desse kan knytast til Overå. Vi må derfor konkludere med at riddar Erik på Overå ikkje har eksistert, og denne riddaren nok er eit produkt av fri fantasi.

Skarprettar og fut i aksjon. Teikning frå ei handbok i krigføring. Manuskript frå 1500-talet

Skarprettar og fut i aksjon. Teikning frå ei handbok i krigføring. Manuskript frå 1500-talet

Har Erik Olavsson i det heile eksistert?

Det fell naturleg å spørje om Erik Olavsson Overå i det heile har eksistert, eller er også han ein fantasifigur sjølv utan riddartittel? Fantasiar har ofte utgangspunkt i noko reelt, kan vi finne eit lite ‘snev’ av ein Erik Olavsson Overå?

Diplomatarium Norvegicum inneheld 19000 dokument eldre enn 1570. Kjeldesamlinga er tilgjengeleg i søkbar elektronisk form under Dokumentasjonsprosjektet. Ved søking finn vi to dokument  som inneheld kombinasjonen av Erik (Eirik, Erich, Erik) og Olavsson (Olafsen, Olafsson) i tida mellom 1500 og 1550. I ein gardhandel på Skaga i Orkdalen i 1515 er ein Eric Olaffson nemnd. Og ved ein annan gardhandel i Berg sokn (Troms) i 1517 er ein Erik Ollaffson i Skalen kjøpar av ein gardpart i Berg. Ingen av desse to Erik’ane  kan knytast til Stranda.

I 1521-22 blei det kravd inn ein ekstraskatt kalla tiendpengeskatten. Folk vart pålagt å betale tidelen av all fast og rørleg formue i skatt. Denne kjelda navngjev systematisk gardar og gardbrukarar på Vestlandet og i Nord-Norge. Garden Overå er ikkje nemnd i lista.  Lista blir generelt rekna for å vere komplett. Dette kan tyde på at garden Overå ikkje var i drift i første halvdel av 1500-talet (NRJ II, s. 95-97).

Ei anna muligheit for å finne ein Erik Olavsson  er erkebiskop Olav Engelbrektsson rekneskapsbok for året 1533. I denne rekneskapsboka finn vi ei liste over setesveinar (truleg erkebiskopens ombodsmenn, skatte- eller tiendeoppkrevjarar). Her finn vi ingen Erik Olavsson, og den einaste setesveinen med tilhald på Sunnmøre er ‘Elef paa Sunnes’ (Vigra). 

Altså ingen Erik Olavsson med tilknytning til Sunnmøre i perioden 1500-1550. Og vi må konkludere med: Erik Olavsson frå Overå er nok også ein fantasifigur.

Riddaren på Overå – ein “klassisk” konstruksjon

Trass i ei grundig gjennomgang av historiske kjelder frå frøste del av 1500-talet, kan vi ikkje finne nokon riddar med namnet Erik frå Overå i Stranda. Det er ingen veg utanom å karakterisere denne riddaren som fri fantasi, truleg eit produkt av eit ynskje om å skape orden i heller uklare slektstrådar tilknytt gardane Langlo, Oksvik og Overå.

I følgje bygdebøkene for Stranda skulle bror til Erik, Arne Olavsson, har vore den siste katolske presten til kyrkja i Oksvik på Stranda. Truleg er også dette ein konstruksjon.

Kven har funne opp riddaren på Overå? Dette er vanskeleg å få svar på. Riddaren på Overå ser først ut til å ha dukka opp i 1954 for i Stranda bygdebok I “Gard og Grend” står det på side 48:

“Mange meinar at dei som enno bur på garden er ættlingar av armødlingane på Giske. Haldepunktet for det er at soga seiar at ein Eirik Erlandson frå Giske, fødd kring 1170 flytte til Overå kring 1200 og vart gift med ei Hjørdis Ivarsdtr. Opsvik. Denne Eirik skulle so i ellevte led vere ætta frå Finnvid den Fundne. Sameleis trur dei at det er Eirik si ætt som i (10. lekk?) dukkar opp at i Olav Eirikson Overå, f. kring 1480, og frå han kan ein so fylgja ættetråden fram til i dag”.5)

Alle utsegnene er heilt utan kjeldereferansar, men merk at det blir sagt “Mange meinar” og “Sameleis trur dei”. Kven desse “mange” og “dei” er står det ingenting om i bygdeboka.  Avsnittet med utsegnene blir avslutta med: “Om ikkje alt dette kan provast, so kan det langt mindre motprovast, og må stå for det det er”.  Bygdebokforfattaren, Gerhard Kjølås, prøver med dette å skape ein ørliten kritisk distanse til opplysningane. Måten dette er formulert på kan tyde på at desse konstruksjonane ikkje er skapt av bygdebokforfattaren (Gerhard Kjølås). I forordet til bygdeboka Stranda I blir det opplyst at bindet er basert på to utrykte bygdebokmanus: Eit manuskript av J. Gjerding “Gardssoge for Stranda” datert 1940 og eit manuskript av R. Fjørstad med tittelen  “Ættebok for Stranda” datert 1944. Sistnevnte manuskript blei utgangspunkt for bind III av Stranda bygdebok. Men om nokon av desse to er opphavsmann til mytene om riddaren er kanskje råd å avgjere dersom manuskripta framleis eksisterer.

Det er også verd å merke seg at opplysningane om Eirik Erlandsson frå Giske og Hjørdis Ivarsdotter frå Opsvik også er ein rein konstruksjon. Grunnlaget for denne konstruksjonen ser ut til å vere dei såkalla Sunnmørs-ættlegga (Københavns Universitet, Den Arnamagnæanske Samling, AM 22(b)fol.). Denne kjelda er seinast gjennomgått i verket “I balansepunktet” og det er klinkande klart at korkje Eirik Erlandsson Giske eller Hjørdis Ivarsdtr. er omtalt i denne kjelda.6)  

Det er derfor ikkje vanskeleg å konkludere med at riddar Eirik Olavson Overå (ca. 1530) , saman med Hjørdis Ivarsdtr. Opsvik, Eirik Erlandsson Giske (ca. 1200) er konstruksjonar. Reie fantasiprodukt som dessverre er blitt ukritisk kopiert av slektsinteresserte både i Norge og USA.

Kjelder og Litteratur

Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 – 1933. Molde 1933.

Ludvig Daae, Den Throndhjemske erkestols sædesvende og frimend,  Historisk Tidsskrift. Tredie Række, Første bind. Kristiania 1890.

Johan Schreiner, Det siste norske riksmøtet i Bud i Romsdal len 15. august 1533, i  Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 – 1933.

Norske Regnskaber og Jordebøger 1516-1521

Notar:
1) Olav Langlo, Stranda bygdebok III, Ætteboka for Stranda, Oslo 1970, s. 282
Stranda Sogelag, Stranda – Bygdebok III, Ættebok, Bind A, Stranda Sogelag 1996, s 67.

2) Fleire slektsgranskarar har gitt riddar Erik farsnamnet Olav (Riddar Erik Olavsson Overå), sjå Anders Søvdsnes, Ættebok for Anders-garden på Søvdsnes, Volda 1966, s. 58. Hjørdis Nørve, Ætta fra jernalder til atomalder, Ålesund 1978

3) Norgesartikkelen i Christian IIIs handfesting: “Norgis riige  […] her effther jcke weere eller hede jngtet koninge riige for seg, menn eth ledemodt aff Danmarcks riige och vnder Danmarcks krone till ewiige tiidt” 

4) Ridder Erik Ugerup: DN I:1068, DN VI:697, DN IX:532, DN VII:591, DN XIV:518, DN IX:728.
Væpnar/ridder Erik Eriksen: DN XII:347, DN XIII:529, DN XIV:518, DN IX:728.
Ridder Erich Jehandssens: DN XI:576, DN XI:577.
Diplomatarium Norvegicum, Dokumentasjonsprosjektet
5) Gerhard Kjølås, Stranda bygdebok I Gard og Grend, Stranda 1954.

6) Stein Ugelvik Larsen og Jarle Sulebust (red.), I balansepunktet, Ålesund 1994.

Første gong publisert på soga.no  23.04.2002

Leave a Reply

Your email address will not be published.