Arveskiftet på Stranda i 1573

I 1768 skreiv soknepresten på Stranda, Ebbe Carsten Tønder av eit dokument -“Pergaments bref” – datert første søndag i Trinitatis 1573. Dokumentet hadde hatt segl, men desse var borte. Dokumentet er eit skifte av jordeigedomar mellom to greiner av Opsvik-ætta. Dokumentet har tidlegare blitt knytt til Overå i Stranda, men i seinare dokument _frå_ Overå blir Opsvik omtalt som hovudbølet. Opsvik er den største garden i skiftet og arveskiftet blir halde på Opsvik i Stranda. Derfor kan det vere minst like relevant å kalle ættekrinsen for Langlo-Opsvik-ætta, snarare enn Overå-ætta. Skiftet omfattar gardane Langlo, Opsvik og Overå i Stranda, Gjørvad, Vinje, Homlung og Vindsås i Geiranger og Halse i Rødven i Romsdalen. Dei to ættegreinene var representert ved to brødresøner: Olav Ellingson Langlo og Olav Erikson på Overå. Skiftet har dessverre blitt grunnlag for mange fantasifulle spekulasjonar omkring personar, ekteskap og ættesamband på Langlo og Overå, jf.  Stranda bygdebok I og III for gardane Overå og Opsvik. Dette arveskiftet har også vore del av forteljinga om ein (uhistorisk) Riddar på Overå kring 1530. Dokumentet blir presentert her for å vise kva for personar og eigedomar som _er_ omtalt i skiftet. Jordeiga delt i skiftet omfatta ikkje heile gardane, men i nokre tilfelle gardpartar (1/2 garden), der den parten (1/2) var eigd av andre jordeigarar. Nedenfor er det ved hjelp av seinare kjelder gjort eit forsøk på å rekonstruere jordeiga i skiftet med 1600-tals mål for jordeigedom. Men først transkripsjonen:


Copie af et Pergaments bref, dog uden segel
Wii effterne Lauris Knudsønn Sougne Prest offuer Ørskoug geldt, Knud
Oluffsøn paa Hellgisem, Lensmand, Mogens Bodurssøn paa Hage, Niels Tostends-
søn paa Døfuinge, Ingebret Knudssøn paa Engeseter, sordne laugrettis mender paa
Sundmøre, Erick Perssøn paa Hogebero, Søffren Hoffuordssøn paa Helliseter och Simen Olssøn paa Otterhollen, sordne laugretis mendt ij Romssdalle, giør alle vethlige och kiendis met thjte vort obne breff aar efter guds byrdt MDLXXIII (1573) den første søndag Trinitatis, paa Oxe Kierckegaard oc sougne steffne vare wii forsamlede offuer et vendligt skiffte och forligelsesmaal imellem tuine Brødre sønner, som var Oluff Ericksøn paa Affraa och hans medsydskende paa thendt enne og Oluff Ellingsøn paa Langlouff och hans medsydskende paa denn anden side om huis jordegods och odalle thenom paa begge sider arffueligen vore tilfaldtne efter theris salige forældre. Tha efter som vi nocksameligni theris odals breffue offuerfaret och besiet hafde. Tha skiffte vij thenom same jordgods emellom effter det retteste och ligeste vij kunde, udj saa maade som her efter følger: først tilfaldte for:ne Oluff Erickson paa Affraa thise epther:ne Jorder, Ellefu mamala
leige udj Affraa, liggendes udj Strandz kircke Sougn her paa Sundmøre, halffempte øre ij Halse som ligger ij Røffue Kircke sougn ij Romsdal-len, thiuge och et mamala leige udj Oxevigen ij forne Strandz Sougn. Desligte til faldt Oluff Ellingssøn paa Langluff med sine medtsydskende thise efterne Jorder, Først fyrretiuge mamala booll ij Langloff,liggendis ij forne Strands sougn, otte mamala boll ij Giørffue, otte mamala booll i Vennie, tolff mamala boll ij Hundelunge øgrdt (#), et mamala boolli Findeaas (*), hvilke forne fire jorder ligger udj Geranger Kiercke sougnoch enn skauffteeg heed Reegeteeg (x). Thi skal nu forne Oluff Ericksønn och Oluff Ellingsønn hver met sine metsyskende och rette arffuinger her
efterhauffue, nyede, bruge och beholde forskreffne jorder efter som det er the-
nom nu imellom byut, thill Euindelige einar och euige Odall, met
# skal vel være øgaard
* er nu en sæter
x heder Rekke

Skifte 1573

Ebbe Tønders avskrift, side 1. Statsarkivet i Trondheim, 520 Stranda Sokneprest.


Fiskevatne, fæegough, veddestat, och alle thij Lutom och Lundom som ther
thill af Arilds tijdt legget hauffuer och endnu ther thill  liggendis ere,
intet undertaget ehvad hekst det er ekker neffnis kandt, oc ther thill bør
adt ligge met rette, och thermet lod thj sig vell nøiges, oc lacket
huer andre for godt skiffte paa begge sider,  och desligeste medt
haandfæsting loffuet huer andre for thenom och theris rette metarffuinger
oryggeligen same byutte at ville holle ubrødeligen till
euige tiidt,  oc desligte thersom endt nogen aff thenom  eller theris
rette sande Afffuinger, fød eller ufødde, vilde efter thene dag nogit
talle paa same byutte som theom nu emellom giordt ere oc kierligen
samtyckt och beuillget ere paa begge sider, tha  skulle thend som først
tallde paa same byutte haffue forbrutt thill Kong. Maytt, thi
gamle daller och en thønne miell thill thi fatige, oc endog skulle
thi jngen macht haffue thill at Rygge forne Contract och forligelse
Mall som thenom nu emellom giort ere. Item at om saa skeer, ther
kand findis nogen øde jord ell jordparter ij forschreffue Geranger
udi theris Odals breffue, tha skal Forne Olff Ellingsøn thesm her
effter for euige Odall nyude, haffue och beholde. Thill ydermere
stadfest else oc bed: foruaring hauffer vij forschreffue mendt thill
mere vidtnesbyrdt ladet henge voris Indsegler neden under paa dette
breff som giort ere, Aar, Dag oc Stedt som forscherffuet staar.

Skifte 1573

Ebbe Tønders avskrift, side 2. Statsarkivet i Trondheim, 520 Stranda Sokneprest, (Dokumentet har ikkje eigen katalogsignatur)

Dokumentet viser at skifteretten er sett treeiningsundag 1573 på Oxe kyrkjegard. Dette er i dag garden Opsvik (Oksvik, Oxvig) i Stranda. Kyrkjestaden blei truleg lagt ned etter kyrkjereformen i 1589, men tufta etter kyrkja er framleis synleg på gardstunet. Skifteretten var leia av soknepresten i Ørskog prestegjeld, Lars Knutson, som truleg også var skrivar og Knut Olsson Helsem, lensmann i Dale skipreide. Sidan skiftet omfatta gardar både i Romsdal og på Sunnmøre var lagrettemenn kalla inn både frå Romsdal og Sunnmøre. Desse var Mons Bodvarson Hagen (Stranda), Nils Torsteinson Døving (Valldal) og Ingebrikt Knutson Engeset (Stranda eller Valldal). Frå Romsdal kom følgjande tre lagrettemenn: Erik Person frå Haukeberg (Rauma), Søren Håvardsson Helset (Kan vere Helset i Tresfjord, no Vestnes kommune) og Simen Olson Otterholm (Rauma kommune).

Partane i saka var syskenbarn, brødresønnene Olav Ellingsson Langlo og Olav Erikson Overå og syskene deira. Namna på syskena er ikkje kjent heller ikkje kor mange sysken det var på kvar side.

Retten starta med å granske eldre eigedomsdokument som partane la fram i retten. I desse dokumenta var storleiken på gardane og gardpartane oppgitt i månadsmatsbol. Denne landskyld-eininga (jordeige) var vanleg i mellomalderen og tilsvarte ei mengde mat tilstrekkeleg for ein mann i ein månad. Leiga for 1 månadsmat jord (månadsmatbol) blei då betalt i ein bestemt mengde smør, korn eller fisk. I 1768 var soknepresten Ebbe Tønder ukjend med denne måleininga og transkriberte truleg “mamatabol” (=månadsmatbol) som “mamala booll”. Dermed kan vi setje opp delinga av jordeiga slik:

Gard/gardpart Olav Erikson og sysken Olav Ellingson og sysken
Overå 11 mmb
Halse 4 1/2 øre
Opsvik 21 mmb
Langlo 24 mmb
Gjørvad 8 mmb
Vinje 8 mmb
Homlong 12 mmb
Vindås 1 mmb
Skogsteigen Rekke
Sum 32 mmb og 4 1/2 øre 53 mmb

Det er truleg at jordegodset blei delt i to like store partar sidan det blir presisert at partane var brødresøner – eit arveskifte mellom to brødre. I 1573 var desse to brødrene døde. Det står ikkje eksplisitt i skiftet at det var tale om ei deling i to like partar, men det er rimeleg etter måten slektskapet mellom partane er formulert. For å jamføre jordepartane må vi konvertere jordeiga til eit felles mål. Dette kan vi gjere ved å konvertere einingane øre og mmb til ei felles måleining som var vanleg frå kring 1600, til dømes våg fisk (vf).

På 1500- og 1600-talet var mellag ei vanleg landskyldeining på Sunnmøre. Av andre dokument frå området frå slutten av 1500-talet ser det ut som 1 mellag blei rekna som 1 mmb (månadmatbol) [Ref til Holmsen manglar]. På 1600-talet blei jordeigedom ofte rekna i vog fisk eller pund smør, der 1 vog fisk (ca. 18 kg) tilsvarte 4 mellag. På 1500-talet var 1 øre betegnelsen på ei mengde jordegods lik 1 bismerpund smør eller 2/3 våg fisk. Dermed kan vi setje opp følgjande verdisamhøve

1 våg fisk = 4 mellag = 4 mmb
1 våg fisk = 1,5 øre (1 øre = 2/3 våg fisk)

Gard/gardpart Olav Erikson og sysken Olav Ellingson og sysken
Overå 2.75 v.f.
Halse 3.0 v.f
Opsvik 5.25 v.f.
Langlo 6 v.f.
Gjørvad 2 v.f.
Vinje 2 v.f.
Homlong 3 v.f
Korrigert til: 0,75v.f.
Vindås 0,25 v.f
Skogsteigen Rekke
Sum 11 våg fisk 13,25 våg fisk
Korrigert sum 11,0 våg fisk 11,0 våg fisk

I teorien burde dei to partane vere like store, men omrekninga syner at Olav Ellingsons part er større enn Olav Erikson. Dette kan skuldast fleire forhold som feil i avskrifta og andre (lokale) omrekningsforhold, og for å kontrollere dette kan vi jamføre eigedomane med seinare jordebøker. Særleg arvearten i garden Humlung synest merkeleg stor. Heile garden var i 1626 sett til 1/2 våg, 1/2 pund og 6 merk fisk eller 0,75 våg fisk. Om vi set 0,75vf i staden for 3vf vert dei to arvepartane like, kvar på 11 våg fisk. Dette kan tyde på at i det originale dokumentet frå 1573 har det stått “tre” (“thrij”) og det er blitt feillest som “tolv” (“thølff”) av Tønder i 1768. Dette er mulig, men ikkje sikkert. Men det gjer arvepartane like i storleik, og det er rimeleg dersom det er tale om eit skifte mellom to brødre og ingen andre.

Både for jordeigedomshistorie men særleg for slektshistorie vil det vere særs interessant å finne att desse odelspartane i seinare jordregister.
Det første komplette jordregisteret for området er frå 1626 og neste frå ca. 1647. Og ved å setje inn totalstorleik og alle gardeigarar i 1626-47 er det mogeleg å finne att jordpartane i seinare jordregister.

Gard/gardpart Arvepart
våg fisk
Total landskyld 1626-47
våg fisk
Eigarar og partar
1626-47
Bondegods 1626-47 Differanse arvepart 1573 – Bondegods 1626
Overå 3,0 vf 3,0-3,5 vf Presten i Ørskog 0,75 vf
Bondegods 2,25 vf
2,25 vf +0,75 vf
Halse 3,0 vf 3,0 vf Odelsgods 3,0 vf 0
Oxevig=Opsvik
+Opshaug
5,25 vf 6,5 vf
2,5 vf
1:Krongods 3,5 vf/ bondegods 3,0 vf
2:Bondegods 2,5 vf
5,5 vf -0,25vf
Langlo=Langlo
+Ødegård
6,0 vf 5,0 vf
0,75 vf
1:Bondegods 5,0 vf
2:Bondegods 0,75 vf
5,75 vf -0,25 vf
Gjørvad 2,0 vf 3,5 vf 1,75 vf bondegods 1,75 vf Giskegods 1,75 vf +0,25 vf
Vinje 2,0 vf 1,25 vf Bondegods 1,25 vf +0,75 vf
Homlung 0,75 vf 0.75 vf Bondegods 0,75 vf 0
Vindsås 0,25 vf Sæter 0,25 vf
Skogsteigen Rekke ikkje matrikulert
Sum arvepartar og bondegods 22 vf 20,5 vf

Ved jamføring med jordregistra for første halvdel av 1600-talet er det særleg vrient å finne samsvar mellom arveparten i “Oxevigen” og seinare bondegods/odelsgods. Fleire av arvepartane er for store i forhold til seinare bondegods i same gard. Garden Opsvik (Oksvik) var tidleg på 1600-talet 6 1/2 vog 9 merk fisk, men litt over halvparten av dette var krongods. I mellomalderen eigde Erkesetet i Nidaros denne halvparten, og etter reformasjonen blei dette krongods. Delen bondegods (odel) i Opsvik i 1573 kunne derfor ikkje vere meir enn 3 vog fisk, men i skiftet er det spesifisert 5,25 våg fisk. Noko tilsvarande gjeld Langlo. Garden var på 1600-talet 5 våg fisk og alt var bondegods, men i skiftet er det spesifisert 6 våg fisk. Ei mogeleg løysing på dette er at “Langlo” og “Oxevigen” omfattar meir jordeigedom enn dei seinare matrikkelgardane Langlo og Opsvik. Det er derfor mulig at t.d. for arveparten i “Oxevigen” omfatta i 1573 matrikkelgardane Opsvik (bondegodset) og Opshaug, og sameleis at Langlo i 1573 var matrikkelgardane Langlo og Ødegård. I gardssoga for Stranda blir det påvist at Ødegård etter alt å dømme blei skild ut frå Langlo tidleg på 1600-talet og at den første registrerte jordeigaren var Jon Pedersen frå garden Langlo. Det at “Oxevigen” skulle vere samlebetegnelse for Opsvik og Opshaug er vanskelegare å påvise, men for Opshaug var ein av odelshavarane i 1613 barnebarn av Olav Erikson Overå. Dette kan tyde på at “Oxewigen” i arveskiftet var ein samlebetegnelse for bondegodset i matrikkelgardane Opsvik og Opshaug.

Vindsås blir av Tønder sagt å vere ei sæter. Dette er truleg den eine sætra for garden Vinje og eit av bruka på Maråk. Sætra “Vindsås” låg i 560 m høgde 4,5 km søraust for Vinje (Sunnylven II s. 18). “Regeteeg” er vanskelegare å identifisere. Ein plass “Recheteig” er nemnd i ei skatteliste frå 1618, men den ikkje plassert geografisk (Sunnylven II s. 667)

I denne gjennomgangen av skiftet frå 1573 er arvepartane forsøkt identifisert, plassert geografisk og forsøkt knytt til jordeigedomsregister frå første del av 1600-talet. Arvepartane let seg ikkje utan vidare plassere som bondegods i seinare jordeigedomsregister. Arvepartane er generelt større enn seinare bondegods. Det er argumentert for at gardparten Homlung ikkje var 12 mmb, men 3 mmb i 1573, og at dette kan skuldast ei feillesing av Tønder i 1768. Det er også argumentert for at bak arveparten “Oxewigen” skjuler seg odelspartar i matrikkelgardane Opsvik og Opshaug. Videre at arveparten “Langlo” bestod av matrikkelgardane Langlo og Ødegård. Det kan sjølvsagt vere fleire og andre grunnar til avviket mellom arvepartar i 1573 og bondegods 50-60 år seinare. Til dømes kan verdivurderinga i 1573 ha vore for høg fordi den baserte seg på dokument før landskyldfallet i seinmellomalderen. Verdivurderinga kan også variere i forhold til seinare vurdering, fordi gardane 1573 framleis øydegardar eller at berre del av garden var i bruk. Noko av odelsgodset kan også ha blitt pantsett og ikkje løyst inn att.

Den samla jordeiga i skiftet er berekna til 22 våger fisk, medan dei attfunne odelspartane i skattelistene 1626-47 er på 20,5 våger fisk. Dette er eit avvik på under 10% og det bør vere eit godt grunnlag for å utnytte skiftet og seinare odelspartar for genealogiske problemstillingar.

Kjelder og litteratur
Gerhard Kjølås, Stranda bygdebok I: Gard og Grend, Stranda 1954
P. A. Lillebø, Sunnylven og Geiranger II, Volda 1972
Olav Langlo, Stranda bygdebok III: Ættebok for Stranda, Stranda 1964
RA, Digitalarkivet, Lensrekneskap for Bergenhus len, http://www.arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet
RA, Digitalarkivet, Jordebøker frå Stattholderembetet, http://www.arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet
Statsarkivet i Trondheim (SAT), 520 Stranda Sokneprest

Leave a Reply

Your email address will not be published.