DET GAMLE GRIMMERGÅRDSGODSET

Bjørn Jonson Dale:

 Grimmergård – eit namn med historisk sus, og med ein fornem, nesten adelig klang. Ein dansk herregard kunne godt ha heitt noke slikt. I staden er det tale om nokre nakne strender og gråberg ved Norskehavet, men like fullt: eit herrese­te…

 Og eit gods av samme namnet! Dette god­set oppsto for 313 år sidan (2005), då all grunnen i Ålesund Innomsundet (fra og med Skansen til og med Ysteneset) kom i eiga til ein “borgarlig” (uadelig) person for første gang – og for første gang til ein person som budde i Ålesund.

 

FØRSTE HERREN TIL GRIMMERGÅRD

Nils Pedersen Assens (1652-1718) var fødd i Århus på Jylland og blei borgar av Bergen 1683. I Ålesund budde han seinast 1682, trulig då på det borgarsetet som først 1701 er funne nemnt som “Grimmergård”.

  Assens var kjøpmann i Ålesund, men handla også på Taskeberg­et og Hareidstrand, 1703-08 jamvel på Molde. Og han var jorde­god­seigar – på det meste hadde jordeiga hans ei skyld på 34 våger fisk (40-50 leiglendingar). Største kuppet gjorde han 8. mars 1692, då adels­frua Sidsel Kaas på Molvær selte han sine “grunde og grunde­leier i Aalsund paa den indre og nordre Side” samt “Brunholms grund, som før har fulgt Aspelan­det”.

  Dermed blei Assens eigar av heile Ålesund Innomsundet – og Grimmergårdsgodset var etablert. Ein bit av det består faktisk den dag i dag (sjå avsnittet Siste rest av godset?)!

 

“INDHYLLET I DUNKELHED”

Kjøpmann Joakim Anderssen (1829-1909), ein av dei siste herr­ane til Grimmergård, skreiv 1904 boka “Aale­sund og Omegns Hist­orie”, som åpnar slik:

  “Aalesunds fjerneste Fortid er indhyllet i Dunkel­hed. Op­rinde­lig har visselig Stedets Territorium, i alt Fald paa Nørvøens Grund, været benyttet som Havnegang eller Sæter­støl for længer inde beligg­ende Gaardes kreature; thi langt nede i Tiden… har den Del af Grimmergaard, som ligger sønden­for Axlen og strækk­er sig til den gamle Konge- eller Postvei, som nu bærer Navn af Kipper­viggaden, været kaldt Aspesæteren, rimeligvis af en større Ansamling af Aspetrær, som stod der, hvor nu den nye Nørvøens Folkeskole ligger.”

 

NØRVESETER

Då Anderssen la fram hypotesen om at “Grimmergård” først var seter for gardane lenger inne (Nørvøygardane), visste han ikkje kor nær han kom det vi no må rekne som den mest sannsyn­lige sammen­hengen.

  Eit dokument fra 1571, ukjent for Anderssen, viser at garden Nørveseter hadde lege øyde, men no atter var tatt i bruk. Ein 24-mannsdòm slo fast at garden var og alltid hadde vore i eiga til Volda prestebor­d.

  “Nørveseter 1571”, som eg kaller eigedommen her, er nesten utan tvil lik grunn- og grasleiga “Aallesund” som er inn­ført i Volda prestebord si jordebok 1624, og som 1649 blei lagt under Giskegodset. 1651 var Hans Grimmersen (også bare Grimmer) leigar av eigedom­men. Denne mannen, Grim­mergård sitt eponym (namneoppha­v), kom til gards 1648 (budde før i Steinvå­gen).

  Altså: “Nørveseter 1571” er det samme som “Grimmergårdsgods­et” – den samla eigedom­men som Assens kjøpte 1692. Eit lite ekstra­poeng i jubileumsåret: Namnet “Grimmergård” må kunne seiast å vere 350 år i år (heile tida også som namn på eit handelsst­ed, no: kjøpesenter) sidan Hans Grimmer kom til gards 1648.

 

SETER, GARD

Nørveseter var nok den udelte storgarden Nørve si seter, som så, helst i høgmellomalderen, blei tatt i bruk som gard. Då Nørve blei delt i Store og Lille, kom Nørveset­er under Lille Nørve, som nesten fullt ut var i eiga til Volda prestebord.

  Nø­rveseter må ha lege øyde fra etter Manndauden kring 1350 ein gang og fram til kring 1550. Kanskje utgjorde den seinare garden Voldsdal også opphavlig ein del av Nørveseter. (Volds­dal inneheld eigeforma av Volda: “Volds”.)

 

ØYDEGARD, BORGARSETE

Voldsdal blei gjenrydda av bønder etter 1520, men “Nørvese­ter 1571” helst av andre folk: Dei første innbyggarane i Åle­sund var kjøpmenn med borgarskap i Bergen, og slike “borg­arar” var fastbu­ande på Sunnmøre fra 1570, og dei (på 1600-tallet) beste borgarseta (som Grimmergå­rd) kan godt ha vore i drift sidan kring 1550.

  Første borgaren vi kjenner på det seinare Grim­mergård var Nils Christensen Danske (nemnt 1606-17), borgar av Bergen 1588, som kan ha budd i Ålesund fra den tid.

  Først på 1600-tallet kan det ha vore endå eit borgarsete på Grimmergård (kanskje på det seinare Lorke­neset), og nokre tiår seinare også eitt på Nordi­gård.

 

GARDAR, PLASSAR, GRUNNAR

“Aallesund 1624” omfatta nok dei to seinare “gardane” Innom­sundet i Ålesund: Nordigård i nord og Grimmerg­ård i sør.

  Fra disse “gardane” blei det etterkvart skilt ut mindre plassar – Stødeneset, Skaret og Einarvika fra Nordigård, og Ysteneset, Korsen, Todeplassen og Neset fra Grimmergård. På og mellom disse plassane finn vi sidan ei rekke “grunnar” – alt fra rydningsplassar (som Røysa og Ålesundsgjerdet) til reine tomteområde (som Kippervika og begge Urene ved Grimmergård).

  Dessutan kom nye borgarsete opp: På 1700-tallet både ved Buholm­sundet, i Korsen og på Noteneset.

 

NORDIGÅRD

Då Assens 1694 tinglyste skøytet sitt fra 1692, hevda borgund­presten, herr Knut Mann, at Nordigård låg under prestebordet i Borgund (dvs Store Nørve). Men retten fann ikkje noken heimel til eigedommen i prestebordet si jordebok.

  Fra 1694 var i alle fall “Nørveseter 1571” samla, men då på ein slik måte at Nordigårdsplassane blei kalt “under” Grimmer­gård, mens plassane sør for Nordigård blei omtalte som “paa” Grimmergård.

 

GODSET ANNO 1723

På heimveg fra Bergen 1718 gikk Nils Pedersen Assens og jekta hans med mann og mus ned på Stadhavet. Sjøl for ein velståande borgar kunne tapet av ei jekt med last medføre konkurs. Men buet til Assens berga seg.

  Då enka, Marte Jacobsdt Dischingtun (c1646-1723) døde 5 år seinare var aktiva i buet 301 rd, passiva 180. Skiftet etter denne “dydige og gudelskende Matrone” blei halde 12. desember 1723, og skiftet reknar opp Grimmergårdsgodset og husmennene der (sjå eiga ramme nedafor).

 

INNTEKTENE 1723

Denne oversikta nemner alle huslydane Innomsundet i Ålesund 1723 – i alt 18, medrekna godseigaren – og omfatt­ar alt fra hustomter til etter måten store plassar.

  Dei faste årsinntektene av godset var nær 7 daler. I tillegg kom variable inntekter, nemlig “bygsel”, ei avgift som blei be­talt ved innleige på ein grunn/plass, og kan­skje også ved periodiske “gjenbygsling­ar”. I åra 1720-22 hadde buet fått 14 daler i “bygsel”. I alt kan dei samla årsinntekte­ne av godset ha vore snautt 12 daler.

  Dette var langt fra noka formue, men like fullt svært gode inntekter den gangen.

  Men eigarane hadde ikkje bare penge­inntekter av godset sitt. Plasse- og husmennene deira måtte også vere med på notlaget i Ålesund (nothenget sto sjølsagt på Noteneset), under onnene på hovedgarden og som mann­skap og håsetar på eigarane sine fiske­båtar og jekter.

 

GRIMMERGÅRDSGODSET 1762

Brunholmen blei 1709 selt til borgaren der, Henrik Henrik­sen Holtermann. Pussig nok blei dette borgarsetet på Aspa i matrik­kelsammenheng rekna under Einarv­ika på Nørvøya i alle fall til 1865.

  1724 fikk Jacob Thode skøyte på grunnen til borgarsetet Todeplassen (6 mark fisk) for 24 rd (4 rd/mark). Ein god gard (1 våg fisk = 72 mark) gikk på denne tida for 36 rd (0.5 rd/mark). Verdien av grunneigedom i Ålesund då var altså 8 gangar høgare enn på landet!

  Skulle vi rekne ut verdien av Grimmergårdsgodset etter prisen for Todeplassen 1724, ville han vere 420 rd, som tilsvarte verdi­en av 12 våger fiskesky­ld på bygdene, eller 15-20 leiglend­ings­bruk; kvar husmann i Ålesund var altså like mykje verdt som ein bonde på landet, for godseig­aren.

  Etter 1724 blei ikkje noke av godset selt (til folk utanom ætta) før 1819, med eitt unntak: 1738 fikk Job Jacobsen Thode fra Lorke­neset kjøpe borgarsetet Grimmergård med hus og grunn.    Ysteneset sin plass i Grimmergårdsgodset midt på 1700-tallet er enno uklar. Men det som skjedde fra 1723 og utetter, var at tallet på plassar og grunnar på godset auka med nær 100 %.

  1762 budde 37 huslydar Innomsundet (150-160 menneske), og utanom 2-3 huslydar på Lorkeneset og Grimmer­gård, var alle “tilhørende” herren på Grimmergård, Nicolai Ottesen Win­gaard (1728-86). Leigeinn­tektene må minst ha dobla seg i høve til 1723.

  1762 var det faktisk råd for den som eigde Grimmergårdsgods­et, å leve som bare dét, godseigar, som Wingaard gjorde då: godt – og fornemt i tillegg.

 

GODSET MINKAR

Enno 1818 besto Grimmergårdsgodset omtrent som 1762. Assens sine ætlingar på Grimmergård eigde enno nesten heile Innom­sun­det, og i mellomtida var dei blitt endå mektigare grunn­herrar i Ålesund, i og med at Nicolai Ulrich Wingaard (1753-1813) gjen­nom ekte­skap var blitt eigar av både Vika og Hella på Aspa.

  Men tidene var elendige for godseigarar. Krigen 1807-14 og, ikkje minst uår på land og sjø, tvang dei til å selge –  til nokså dårlige prisar.

  Fra 1819, etter snart 130 år i samme slekta si eige, blir Grimmergårdsgodset avhenda – først svært raskt: plassane Neset og Korsen (Korsen også borgarsete), samt borgars­etet Notene­set blir då selte til Carl E Rønnebe­rg. Så held avhend­inga fram -saktare, men likevel einsretta. 1858 sitt Assensæ­tta igjen med kanskje bare sjølve plassen Grimmer­gård samt nokre grunnar og tomter i Ysteneset, på Buholmen og i Einarv­ika.

 

BYEN VEKS

Trass i minkande om­fang, minka resten av godset neppe mykje i verdi på denne tida, for Ålesund hadde ein heilt eine­ståande vekst i 1860-80 åra: Grimmergårdsgodset blir støtt meir verdifullt. Familiane Anderssen og Erichsen – Assens- og Wingaard­slekta sine arvtak­arar – hadde like til 1910-20 grunnle­ige-­ og salgs­inntekter av godset. kanskje levde dei ikkje like godt og for­nemt som forgjeng­arane, men dei gjorde det slett ikkje verst.

  Men så var det slutt?

 

SISTE REST AV GODSET?

Gjennom nesten eit kvart tusenår satt samme slekta som domin­erande grunn­herrar i Ålesund Innom­sundet.

  Morfar min kjøpte hustomt på Grimmerhaugen kring 1912, og han sa at selgaren var “av familien Wingaard”; dette gjaldt nok frøken Elise Storm Erichsen, byggherren til det prektigste privathuset Innomsundet etter brannen, med unntak av villaen på Rønneberghaugen. Dette huset står på Sankten den dag i dag (“Spare­banken”). Slik budde og bygde altså siste godsei­garen i Ålesund, på samme flekken som slekta hadde budd sidan 1680.

  I dag er slekta utdødd i Ålesund, men enno skal ein bit av Grimmer­gårdsgodset eksiste­re, nemlig ein umatrikul­ert grunn inne i tomta til det kjøpe­senteret som heiter “Grimmer­gaard­en”!

  Eigarane av grunnen skal vere “Erichse­ns arving­er”. Altså: 306 år etter at Nils Pedersen Assens kjøpte Ålesund Innomsund­et, er enno nokre hundre kvadratmeter av denne grunnen i eiga til ætta hans. Ingen veit om “Erichsens arvinger” er i stand til å gjøre eigedomskrav gjeldande. Men har noken brydd seg med å finne det ut?

 

DET NYE GRIMMERGÅRD

Fra 1819 til 1919, og kanskje seinare med, blei ­godset oppdelt og selt i større, men oftast mindre porsjonar, slik at grunnen i Ålesund Innomsundet, med unntak av “Rønnebergneset” (Korsen, Noteneset og Neset), fra 1920 var nokså “demo­krat­isk” for­delt.

  Fra 1970-åra ser vi ein motsett tendens: noke som liknar eit forsøk på å “samle” gamle Grimmergård igjen. Ja, Grimmergårds­godset er langt på veg i ferd med å bli reetabl­ert!

  For historikaren er slike observasjonar svært interess­ante. Kva er det som driv notids­menneske til forsøk på å gjenopp­rette eldgamle, jamvel for lengst avvikla eige­domsstruktur­ar?

  Spørsmålet er så pirrande at ein stakkars granskar får lyst til å skrive romanar i staden for tørre avhandlin­gar…

 

___________________

 

 

HUS- OG PLASSEFOLK UNDER GRIMMERGÅRD 1723

 

Stadnamn, leigarnamn og årsleige. Opplysningar i klammer og merknadar er ved Bjørn Jonson Dale.

 

Ysteneset:

Peder (Larssen)

Jetmund (Tor­steins­en)

Nils (Pedersen)

6 mark (1 rd) i alt

 

Kippervika (mest trulig):

Else (Paulsdt) Kipper, 1 mark

 

Korsen:

Lisbet (Sjursdt), 0.5 mark (8 sk)

Ole (Larssen), 6 mark

 

Bigumsneset:

“Seigneur” Jacob Thode (borgar), 3.5 mark

 

Mellom Bigumsneset og Neset:

“Seigneur” Henrik Holter­mann (Brunholmen), 1.5 mark

 

Leiga gjaldt ei jektestø som brunho­lmsbor­gar­ane hadde på nørvøysida av sundet.

 

Neset (mellom Lorkeneset og Noteneset):

Rasmus (Olsen), 3 mark

 

Ura (Grimmerbakken/-haugen):

enka Gulov (Olsdt), 3 mark

 

(Grimmergård:

Anne Lucia Assens, godseigaren)

 

Bakken:

(enka) Kirsten (Jørgensdt), 2 mark

 

Plassen seinare ofte kalt Ura; mest trulig dreier det seg om området mellom plassen Einarvika og plassen Grim­mergård.

 

Einarvika:

Samuel (Hanssen), 3.5 mark

 

Mellom Einarvika og Nordigård:

Prest Iver (Larssen)

(enka) Agnete (Andersdt)

kanskje 1 mark i alt

 

Iver og Agnete budde nok på Stødene­set (Prest Iver var gift med ei preste­datter, og var far til Prest Ole på Stødeneset)

 

Nordigård:

Einar (Pedersen)

Peder (Einar­sen)

Jacob (Pedersen)

6.5 mark i alt

 

Neset (Stødeneset):

Prest Ole (Iversen), (trulig) 4 mark

 

____________________________

2 comments for “DET GAMLE GRIMMERGÅRDSGODSET

Leave a Reply

Your email address will not be published.