Gjeldande versjon: 1.2.3
Solli Transkripsjon Pro er ein utviding for nettlesarene Chrome og Edge som transkriberer skanna dokument i dei digitale arkiva Digitalarkivet (Nasjonalarkivet) og i marcus.uib.no (UiB). Utvidinga er i prøvebruk (beta) og førebels gratis og må installerast frå Chrome nettmarknad.
Brukarrettleiing
Val av modell: Gemini 2.5 Pro er standard og best på eldre handskrift. Dei mest avanserte Gemini 3-modellane krev at du har ein eigen personleg API-nøkkel. Du kan lime nøkkelen inn i utvidinga/applikasjonen og du skaffar deg nøkkel hos Google. Prisen for nøkkel varierer etter bruken, men du kan klare deg lågaste nivå. https://aistudio.google.com/app/api-keys
Val av side: For protokollar med to sider kan du velje å transkribere venstre eller høgre side separat for å få betre nøyaktighet. Digitalarkivet har normalt to sider, Marcus.uib.no har normalt ei side.
Utvid fane: For å utvide fana for transkripsjon, før muspeikaren over skiljelinja mellom sidepanelet og sjølve nettsida. Når peikaren endrar seg til ei dobbelpil, kan du klikke og dra mot venstre for å gjere transkripsjonsvindauget breiare.
Output: Markdown bevarer formatering, medan CSV er best dersom du skal importere dataen til Excel.
Vilkår for bruk
Denne utvidinga for Chrome og Edge er utvikla av Arne Solli (Arne Solli Multikonsult)
Ansvarsfråskriving: Arkivverket (www.digitalarkivet.no) og Universitetet i Bergen (marcus.uib.no) har ikkje ansvar for denne applikasjonen eller transkripsjonane som vert genererte.
All transkripsjon må kontrollerast manuelt mot originalkjelda.
Personvern
Denne appen analyserer studieoppgåver ved hjelp av Google Gemini API.
- Databehandling: Teksten (Bildet) du henter frå digitale arkiv, vert sendt til Google for analyse. Ingen personopplysningar vert lagra permanent i denne appen.
- Tredjepart: Google behandlar data i tråd med sine vilkår for generative KI-tenester. Kjeldene publisert i digitale arkiv skal ikkje innehalde sensitive personopplysningar (som fødselsnummer eller helseopplysningar). Dersom bilda – mot formoding – inneheld slike opplysningar må du ikkje bruke verktøyet til å transkribere bildet av protokollsida eller dokumentet.
- Vilkår: For meir informasjon om korleis Google handterer data, sjå Google Privacy & Term

Arne Solli, 17. januar 2026